Aktuelt

Mai 2016 fekk me endeleg ta slakteriet vårt i bruk. og frå i haust har alle dyra våre hatt kort veg til slakteriet :-)

No(mars 17) Har me noko kverna kjøt frå ammekalvane att, me har og grasfora kjøt frå vestlandsk fjorfe og nrf på lager.

Me startar å slakte kalvar no 22 mars , då har me jamn tilgang heile våren . Tng kjøt til konfirmasjonen  !!

Ring/send melding for å avtale å komme innom butikken og følg med på facebook(lik gjerne ) for kor tid me har ope .

 

Larsastova

Besøk oss på facebook:
https://www.facebook.com/larsastova/

Aktuelle bileter:

ved Lars Ingvald Folkedal er eit enkeltmannsforetak som er drive av Lars Ingvald og Astrid. Med god hjelp frå mor og far  driv me eit allsidigt gardsbruk .

Me har fokus på å utnytta alle deler av inn og utmark best mogleg.Dyra  går på beite frå tidleg mai til okt/nov (væravhengig). Mest mogleg vert slakta rett frå fjellbeite for å gje deg som forbrukar det beste og sunnaste kjøtet.

Skogen vert utnytta gjennom ved produksjon . Og på saga vert tømmer skore og laga grindbygg av. Denne gamle byggjeskikken er absolutt ikkje utdatert  og fullt ut konkuransedyktig opp mot moderne byggjeskikk.

Fyrrommet er hjarta på garden , her vert hun og anna avfall frå sag og ved  omdanna til varmt vatn . Dette fordelar me til dei andre husa på garden via fjernvarmerøyr.

 

Dei tre gutane våre Isak 12 , Jonas 10 og Trym 6 er med det dei rekk mellom skule og fotball.

Me har stor fokus på at me skal nytte oss av lokale ressursar slik at våre produkt vert mest mogleg miljøvenlege. Både kløyvar og sag går på elektrisitet og såleis vert særs lite diesel bruka under produksjonen.

 

Hovuddrifta på garden er økologisk kjøt/mjølkeprodusjon og slaktegris. Med eige slakteri skapar me meir verdiskaping på tunet ,og ilag med vedproduksjon og gardsag så håper me å skape eit drivverdig bruk som er godt skodd for framtida.

folkedal
Folkedal i Granvin