Skriv ut PDF

Larsastova - økologisk kjøt


Naturleg og  kortreist
meatHovuddrifta på garden er økologisk mjølk/kjøt. Me kan no tilby kortreist økologisk kjøt til den medvitne forbrukar.  Dyra vert slakta og skore på eige gardsslakteri.
i 2013 avslutta me Etablerarstipendet me har hatt frå Innovasjon Norge på kjøtbiten. Kort sagt så konkluderte me med at om me skal kunna tilby eit unikt produkt med 100 % kvalitetssikring heile vegen så vil me ha hand om heile prossessen heima på tunet. Difor har me no fått godkjend eige gardsslakteri på tunet og det er me stolte over!


Lars Ingvald er utdanna slaktar og saman med kona Astrid som er kokk, så har me kontroll i alle ledda av produksjonen, og har difor ein unik sjanse til å laga ei vara som du vert nøgd med.
Me slaktar på tinging heile året men anbefalar å tinga i tidsrommet frå mai til oktober. Då går dyra på beite, noko som gjev grunnlag for den beste smaken og kvaliteten. Dyra er då dessutan vane med mykje rørsle og transport så risikoen for stress for dyret er minimale. Elles på året vert drifta drive etter økologiske prinsipp så alle dyr er ute på lufting 2-3 gonger i veka.


alt

Økologisk landbruk vil seie at alle driftsmidler skal vere godkjende av debio som er kontroll-organet vårt. Det vert ikkje nytta sprøytemiddel eller kunstgjødning i produksjonen.


Vestlandsk fjordfe

Ein del av dyra me slaktar er av rasen Vestlandsk Fjordfe, ein gammal norsk rase  som er småvokst og kjend for sin gode kjøtkvalitet. Ellers er det NRF som vert bruka.

Varetypar og bruksområde

BAKPART

  • Indrefilet-  heilsteikt i panne eller ovn, eller som biff.
  • Ytrefilet – Best som biff, kan og nyttast i fine gryter.
  • Rundbiff og flatbiff- Roastbeef, steik, grytekjøtt
  • Mørbrad – Biff ,grytekjøtt
  • Bankekjøt m/lårtunge- langsteik
  • Kjøttdeig- ca 40 % av kjøtvekta vert kjøttdeig
FRAMPART
  • Bogplomme – steik
  • Entrecote- Marmorert steik, biff
  • Høgrygg-  ferskt kjøt, sosakjøt  med eller utan bein
  • Bringa- sosakjøt med bein
  • Kjøttdeig—ca 60 % av kjøtvekta vert kjøttdeig

FOR OPPSKRIFTER
www.matprat.no

Etikett Larsastova - økologisk kjøt