Skriv ut

Fakta om grindbygning


 

Historie

grindverk

Grindverksbygget representerer ein forhistorisk byggetradisjon på Vestlandet. Me kjenner byggemåten frå løer, utmarksbygningar og naust heilt fram til midten av 1900-tallet. Ytterkledninga varierer frå distrikt til distrikt. M.a. på Osterøy var det vanleg med ei hellerekke nederst for å ta dropeslaget og brake/einerkledning ovanfor. Dette gav ein vasstett ved, men gjorde likevel til at vinden slapp gjennom. Andre stader var liggjande ytterpanel vanleg. Konstruksjonen kan verka primitiv, men det er den ikkje. Den er nøye gjennomtenkt, både med tanke på styrke, funksjonalitet og materialteknologi.

 

Bruksområde

Grindverkshusa kan byggjast etter mål i alle storleikar og nyttast til nær sagt kva som helst der du har trong for å vera under tak. Konstruksjonen står støtt anten du ynskjer eit hus utan veggar, eller med veggar som høver for ditt bruk. Med torv på taket, takstein eler skifer/rasteheller/villheller glir huset godt inn i eit hage/hyttemiljø, eller ved sjøen som naust. Kva du vil nytta huset til er opp til deg. Det er godt egna til garasje, naust, grillhus, hagestove, vedskjul, overbygd klestørke, reiskapshus og mykje meir.

 

Fortrinn

Enkel fundamentering. Tradisjonelt vart grindverkshus sett opp på ein stødig stein under kvar stav (bein). Dette kan du sjølvsagt framleis gjera, men kanskje vil det vera ein føremon å grava hol ned til frostfri grunn, fylla det med stein, lage eit enkelt fundament som høver til storleiken på staven, eller som før bruka ein solid stein som er nokolunde flat på toppen.

 

Enkel å byggja/setja saman sjølv

Dei som produserer grindverkshus set det først opp på produksjonsplassen, merker alle delane og tek det ned igjen. Det er då klart for levering. Huset er enkelt å montera for ein nevenyttig person. Alle samanføyingar er tilpassa og prøvd og delane er sikra med grove trenaglar som det berre er å slå gjennom hola. Det vert ikkje brukt spiker i hovudkonstruksjonen og det er difor ikkje den store jobben å flytta huset om du ynskjer det.

 

Offentlege reguleringar

Kva løyve du må ha for å setja opp grindverkshuset er avhengig av storleiken. I Plan og Bygningslova (pbl) står det at minder frittligjande bygning opptil 15m2 bruttoareal på bebygd eigedom er friteke for både søknad og melding. Mønehøgd er maks 3m og bygningen må ikkje nyttast til varig opphald for personar. Bygget må plasserast omsynsfult i høve til naboar og ikkje væra til hinder for sikt langs veg. Det kan i mange høve vera ein føremon å forhøyra seg med naboen på førehand for å ungå eventuelle protestar. Normalt gjeld et krav om 4m avstand til nabogrense, men §70 i pbl seier at kommunen kan tillata kortare avstand etter søknad. Fritak for byggemelding gjeld ikkje i 100-metersbeltet langs sjøen.
For bygg mellom 15 og 50m2 på bustad- eller fritidseigedom der det er bygd småhus frå før, krevst berre at det vert sendt byggemelding til kommunen. Føresetnaden er at bygningen ikkje nyttast til å bu i eller til næringsdrift. Nabovarsel må sendast. Har ikkje kommunen svart innan 3 veker, kan arbeidet setjast i gang. Tiltakshavar kan sjølv vera byggansvarlig. Nærare opplysningar får de hjå kommunen.