Om gardsbruket

LARSASTOVA er eit gardsbruk øvst i Folkedal (Granvin). Her driv me – Astrid og Lars Ingvald Folkedal - eit allsidigt bruk med fokus på å bruke alle ressursar knytte til gard og eigen kompetanse best mogleg. Me nyttar alle delar av inn- og utmark på garden, slik at dyra går på beite frå mai til oktober eller så lenge været gjer det mogleg.

Økologisk kjøt

Ryggrada på bruket er mjølkeproduksjon og økologisk kjøtproduksjon/ammekyr. Me forar opp alle eigne kalvar. Haustfødde kalvar får grovfor og kraftfor medan ammekalvane vert framfora utan bruk av kraftfor. Mest mogleg vert slakta rett frå fjellbeite for å gje deg som forbrukar det beste og sunnaste kjøtet.

Gardssaga

Skogen vert utnytta gjennom ved produksjon. Og på saga vert tømmer skore og laga grindbygg av. Denne gamle byggjeskikken er absolutt ikkje utdatert, men fullt ut konkuransedyktig opp mot moderne byggjeskikk.

Fyrrommet er hjarta på garden, her vert hun og anna avfall frå sag og ved omdanna til varmt vatn . Dette fordelar me til dei andre husa på garden via fjernvarmerøyr.