Om gardsbruket

LARSASTOVA er eit gardsbruk øvst i Folkedal (Granvin). Her driv me – Astrid og Lars Ingvald Folkedal - eit allsidigt bruk med fokus på å bruke alle ressursar knytte til gard og eigen kompetanse best mogleg. Me nyttar alle delar av inn- og utmark på garden, slik at dyra går på beite frå mai til oktober eller så lenge været gjer det mogleg.

Slakteri vinter 23/24

30. desember 2023

Me slaktar jamnt utover vinteren . Ein del vaksne dyr og kalv når dei er store nok . Har mykje kraftbein og margbein til overs nett no – gje ein lyd om dette er interessant . gjerne faste avtaler til…

Les meir

Grindbygg 2023/24

30. desember 2023

Me har i 23 vore på børve og sett opp ei mjølkeløa til 25-30 mjølkekyr . Bygget er eit grindbygg med massivt tretak 75 mm og 2 lag med høvla 2 toms vegg . Gran innvendig og kjerneved lerk og…

Les meir

Vinter 2023/24

30. desember 2023

Sag : Er på skogen og høgg mykje fin lauvskog . Ask, alm, bjørk og heilt spesielt litt: vill kirsebær. Ta kontakt om det er nokre spesielle ynskjer . Kan levere som plank eller ferdig høvla vare. panel , listverk…

Les meir

Økologisk kjøt

Ryggrada på bruket er konvensjonell mjølkeproduksjon og økologisk kjøtproduksjon/ammekyr. Me forar opp alle eigne kalvar. Haustfødde kalvar får grovfor og kraftfor medan ammekalvane vert framfora utan bruk av kraftfor. Mest mogleg vert slakta rett frå fjellbeite for å gje deg som forbrukar det beste og sunnaste kjøtet.

Gardssaga

Skogen vert utnytta gjennom ved produksjon. Og på saga vert tømmer skore og laga grindbygg av. Denne gamle byggjeskikken er absolutt ikkje utdatert, men fullt ut konkuransedyktig opp mot moderne byggjeskikk.

Fyrrommet er hjarta på garden, her vert hun og anna avfall frå sag og ved omdanna til varmt vatn . Dette fordelar me til dei andre husa på garden via fjernvarmerøyr.