Gardsslakteri

DSCF0304

Gardsslakteri og kortreist kjøt

Slakteriet er godkjent med efta nr 1885 – som er godkjent for storfe og småfe. Slaktar og foredlar alle eigne slaktedyr og kan ta på oss leigeslakting/skjæring. Gardsutsalg med kalvakjøt, pylser, farseprodukt, krydder, honning og eplesaft. Ta kontakt for slakte/skjærekurs

Naturleg og kortreist

Hovuddrifta på garden er konvensjonell mjølkeproduksjon og økologisk ammekyr /kjøtproduksjon. Me kan tilby kortreist kjøt til den medvitne forbrukar. Dyra vert slakta og skore på eige gardsslakteri. I 2013 avslutta me Etablerarstipendet me har hatt frå Innovasjon Norge på kjøtbiten. Kort sagt så konkluderte me med at om me skal kunna tilby eit unikt produkt med 100 % kvalitetssikring heile vegen så vil me ha hand om heile prossessen heima på tunet. Difor har me no fått godkjend eige gardsslakteri på tunet og det er me stolte over!

Lars Ingvald er utdanna slaktar og saman med kona Astrid som er kokk, så har me kontroll i alle ledda av produksjonen, og har difor ein unik sjanse til å laga ei vara som du vert nøgd med. Me slaktar på tinging heile året og kjøper inn slaktedyr frå nabobønder om me ikkje har noko slaktemodent sjølv. Då ofte frå flinke produsentar som me har bygd grindabyggsløa til, og ofta dyr av dei gamle rasane.

Me har hausten 2020 teke i bruk vår nye grindverks løa på 1200 m2 til mjølkekyrna , Kyrne får kalve i ein stor flisbinge på 400 m2 og alle kalvar får amme mor si eller ei ammetante. Dei ammar i minimum 60 dagar før me flyttar dei . Med den nye floren har me teke eit kjempesteg i retning framtidas dyrevelferd og me vonar dette visar att i kjøttkvalitet i slakta våre frametter. Både Bonden og Dyra stortrivst i alle fall ?

Det er Nrf som er hovudrasen på garden, dette er friske holdbare kyr som produserer kvalitetskjøt og mjølk ?

Med tida vert det kjøpt inn dyr av andre rasar, fjordfe, raukolle, jersey m.a. for å gje eit større mangfold til flokken og imøtekomma dine ynskjer som kunde her.

I perioden april til juni slaktar me flotte kalvar frå mjølkeflokken me vil sterkt anbefale å kjøpe heile bakpartar eller frampartar som me parterar og pakkar slik du ynskjer det. Då får du alle biffer og mykje godt kverna kjøt til ein noko lågare pris (13-15 %) enn om ein plukkar enkelt deler.

Ammekalvane hentar me ned frå fjellet i månadskifte sept /okt. Desse har då gjenge i utmark frå midten av mai og vert sunt og godt kjøt. Tek opp tinging på desse heile året. Set deg på liste tidleg for å få deg ein part.
Me driv ein gard i Ålvik økologisk og nyttar dette grovforet og innkjøpt for frå Agnar Kleppe i ulvik til vinterfor.

Varetypar og bruksområde

BAKPART Indrefilet- heilsteikt i panne eller ovn, eller som biff.
Ytrefilet – Best som biff, kan og nyttast i fine gryter.
Rundbiff og flatbiff- Roastbeef, steik, grytekjøtt
Mørbrad – Biff ,grytekjøtt
Bankekjøt m/lårtunge- langsteik
Kjøttdeig- ca 40 % av kjøtvekta vert kjøttdeig

FRAMPART Bogplomme – steik
Entrecote – Marmorert steik, biff
Høgrygg – ferskt kjøt, sosakjøt med eller utan bein
Bringa – sosakjøt med bein
Kjøttdeig – ca 60 % av kjøtvekta vert kjøttdeig

Økologisk landbruk vil seie at alle driftsmidler skal vere godkjende av debio som er kontroll-organet vårt. Det vert ikkje nytta sprøytemiddel eller kunstgjødning i produksjonen.

Økologisk landbruk vil seie at alle driftsmidler skal vere godkjende av debio som er kontroll-organet vårt. Det vert ikkje nytta sprøytemiddel eller kunstgjødning i produksjonen.