Ved

fortsatt+ved+til+salgs

Me lagar mellom 100-120 mål med VED av bjørk, ask, orr, selja m.m til nærområdet og til eige bruk i fyrrommet vårt. Her vert ved og avfall/hun frå saga omdanna til varmt vatn som vert fordelt til husa på garden via fjernvarmerøyr.

Litt om brennverdi

Brennverdien (energimengda) i ved, tørket i friluft med 14-20 % vassinnhald varierer mellom treslagene. Tala nedenfor er berekna ut frå ein fastkubikkmeter ved, uten reduksjon for verknadsgraden til ovnen:

Brennverditabell

Bøk3000KWh pr kubikk (1000 ltr.)
Ask2900KWh pr kubikk (1000 ltr.)
Eik2900KWh pr kubikk (1000 ltr.)
Lønn2800KWh pr kubikk (1000 ltr.)
Bjørk/rogn2715KWh pr kubikk (1000 ltr.)
Furu/orr2350KWh pr kubikk (1000 ltr.)
Gran /selje2150KWh pr kubikk (1000 ltr.)
Osp2150KWh pr kubikk (1000 ltr.)

Som ein her ser, så er det ikkje så stor forskjell mellom bjørk som er rekna som det gjevaste treslaget og furu/or/selje o.l. Det viktigaste er at veden er turr nok, når me turkar veden slik me gjer i eit luftig grindbygg så ligg fuktigheitsnivået mellom 8 og 16 %. Dette varierar med luftfuktigheita/veret ute. Me målar veden jamnleg fram til sal med proff målar.

Kor mykje ved kjøper eg eigentlig?

  • 40 småsekk(60 liter) på eit mål
  • 3 Eurosekker på eit mål
  • 2 Hydrosekker på eit mål
  • Dersom du brukar stort sett berre ved til oppvarming så er normalt forbruk på eit år c.a 3 mål.