Om gardsbruket

LARSASTOVA er eit gardsbruk øvst i Folkedal (Granvin). Her driv me – Astrid og Lars Ingvald Folkedal - eit allsidigt bruk med fokus på å bruke alle ressursar knytte til gard og eigen kompetanse best mogleg. Me nyttar alle delar av inn- og utmark på garden, slik at dyra går på beite frå mai til oktober eller så lenge været gjer det mogleg.

Februar 2021

7. februar 2021

Stort sett rolig på denne tida i slakteriet, ventar på att dei haustfødde kalvane veks seg slaktemodne i den nye grindbyggsløo vår med mjølkerobot . Alle kalvane har amma mora eller ammetante i 70-100 dagar. Nokre gjeng framleis og ammar.…

Les meir

Opningstider

6. januar 2021

Ring/send melding for å avtale å komme innom butikken og følg med på facebook (lik gjerne) for kor tid me har ope .

Les meir

Økologisk kjøt

Ryggrada på bruket er konvensjonell mjølkeproduksjon og økologisk kjøtproduksjon/ammekyr. Me forar opp alle eigne kalvar. Haustfødde kalvar får grovfor og kraftfor medan ammekalvane vert framfora utan bruk av kraftfor. Mest mogleg vert slakta rett frå fjellbeite for å gje deg som forbrukar det beste og sunnaste kjøtet.

Gardssaga

Skogen vert utnytta gjennom ved produksjon. Og på saga vert tømmer skore og laga grindbygg av. Denne gamle byggjeskikken er absolutt ikkje utdatert, men fullt ut konkuransedyktig opp mot moderne byggjeskikk.

Fyrrommet er hjarta på garden, her vert hun og anna avfall frå sag og ved omdanna til varmt vatn . Dette fordelar me til dei andre husa på garden via fjernvarmerøyr.